[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Eittmålstap i Sogn

Forfatter: Svein Kristiansen

29. mai 2016

Fotball
News article image

Det vil seg ikkje heilt for STIL i år, og det vart 1-2 mot Fjøra2/Sogndal 3 fredag kveld.

Det vert rapportert om ein jamspela kamp, der Fjøra 2/Sogndal 3 fekk det første målet. Sandane utlikna ved Eirik Rauset. Like før slutt fekk Fjøra 2/SIL3 ein gratissjanse og skåra. Rett før hadde Sandane hatt stolpeskot ved ein frisk Anders Frøyen. 

-Vi har ikkje heilt marginane på vår side og det vert litt stang ut, seier trenar Øyvind Hervik i ein kommentar. Han konstaterer at STIL skårar for få  mål, og det må få fokus framover. Han berømmar spelarane for at dei står på. -Eg er nøgd med innsatsen, men så glepp det litt innimellom. Det er slik det er med eit ungt lag. Eg har tru på at Sandane vil vise betre igjen utover i sesongen, seier Hervik, som på ingen måte har gitt opp vona om å plassere seg blant dei sju beste på tabellen.