[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Idrettsmerkeprøva er hundre år!

Forfatter: Svein Kristiansen

19. september 2015

Trimgruppe
News article image

Søndag 20. september kl 12.00 skjer det på Idrettsplassen: Trim- og merkegruppa i STIL inviterer til merketaking. Idrettsmerkeprøva jubilerer og trimgruppa ønskjer å blåse liv i denne tradisjonen.

Dei seinare åra har interessa for å ta idrettsmerket dabba av, men med 100årsjubileet har Trim og merkegruppa bestemt seg for å puste liv i potensielle idrettsmerketakarar i bygda. STIL er dessutan plukka ut av Idrettskretsen som staden der dette får ei særskilt markering. Og det skjer altså søndag kl 1200. 

Øvingane du kan prøve deg på er følgande: 

1. Spenst: lengde utan tilløp

2. Snøggleik: 60 meter

3. Styrke: kule

4. Uthald (løp eller sykkel)

Kring 6000 mosjonistar her i landet stiller årleg opp til prøvene, fortel leiar i trim- og merkegruppa i STIL, Jostein Hansen, i eit intervju i Firda Tidend. 

Oppmodinga blir: møt opp! Ivareta både deg sjølv og tradisjonen!