[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

G13/14 byter ut ryggsekk og bøker med fotballsko og leggisar!

Forfatter: Svein Kristiansen

05. oktober 2015

Fotball
News article image

STIL sitt smågutelag arrangerer haustcamp i haustferien.

Sandane sine smågutar er frå før ein treningsvillig gjeng, og haustferien set ingen stoppar for treningsarbeidet. Det er lagt opp til trening kvar dag på dagtid frå tysdag til og med fredag.

-Ferietida er ein gylden mulighet til å få trent mykje og intensivt sidan spelarane ikkje har kamp eller skule å tenke på. Det er helt optimalt for rask og god læring og utvikling, seier treningskoordinator Torbjørn Gran til heimesida.