[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane med storseier mot Eid

Forfatter: Svein Kristiansen

25. april 2022

Fotball
News article image

STIL dominerte frå start til mål då Eid vart slått 5-0 i Idrettsparken mandag kveld. Heile sju debutantar fekk vise seg fram for eit rekordstort publikum. (Sida er oppdatert)

Første omgang i 3. divisjonskampen var totalt dominert av Sandane, og heimelaget leia fortent 3-0 til pause. Sara Lothe Rustøen skåra Sandane sine to første mål. Foto: STIL-damene feirar 1-0 (foto: Stig Høynes). Like før pause gjekk Sandane opp til 3-0 ved Kristine L. Rustøen.

Andre omgang heldt fram som den første. Tidleg i andre omgang sørga Karoline Hjelle for 4-0. Kristine Lothe Rustøen avslutta skåringsballet med 5-0 eit kvarter før full tid.

Sandane er eit lag som utmerkar seg med mykje god ballbehandling, speleforståing og eit framoverretta driv som gav publikum god underhaldning. Gang på gang såg vi flott samspel og glimrande gjennombrotspasningar frå midtbana. Målvaktene Karoline Hjelle og Emma Mellingen Lothe tok keeperjobben i kvar sin omgang, og klarte seg svært godt.

Sandane-trenar Jan Asle Rustøen var svært nøgd etter kampen. -Vi tar tak i det heile fra start og eg synest vi fekk lov til å styre kampen. Vi hadde spelemessig god kontroll, seier STIL-trenaren. Han hadde sjølvsagt også litt å pirke i: vi vart litt unøyaktige framover og det hindra oss nok i å få endå nokre mål til.

5-0 i sesongdebuten er uansett godkjent, jenter! Sandane er eit lag som er svært kjekt å sjå spele.

Sara Lothe Rustøen vart kåra til dagens STIL-spelar.

Eit rekordstort aprilpublikum på 100 personar hadde tatt vegen til Sandane Idrettspark.

Heile 7 spelarar debuterte for Sandane i kampen: Borgny Kristin Hetle og Kristina Hjelle frå start, og undervegs fekk Mathilde Onstad Takle, Natalie Kandal, Lieke Anneke Winkelhorst, Regine Aa Sandal og Mathea Gimmestad alle speletid. Vi gratulerer med debuten!

PS: For underteikna og sikkert nokre til var det bevegande å sjå toppscoraren med 8 mål for Sandane i 2007-sesongen, den alltid like energiske Lisa Skarstein, still going strong, no i Eid-drakta. 2 barn og eit øydelagt korsband seinare verkar det ikkje som fotballgleda og motivasjonen for å spele fotball er redusert hos Lisa. I 2007 var det Even Røen og Knut Torvanger som var STIL-trenarar. Lisa hadde også ein kort gjestevisitt for STIL i 2017, då med Jan Asle Rustøen som trenar. -Då fekk eg to kampar før korsbandet rauk, fortel Lisa.

Firda Live frå kampen.