Enivest IFO
Kjempestemning i hallen
Forfatter: Svein Kristiansen
08. juni 2015
Fotball
Overveldande respons på STILs landskamparrangement.
237 menneske møtte opp då STIL debuterte som arrangør av landskamp på storskjem. Vi kan melde om fin stemning frå første stund hos det talrike publikummet, og då Norge skrudde opp gassen i andre omgang steig stemninga til nye høgder.
STIL Fotball er audmjuke og takknemlige for responsen, som også betyr mykje for klubbkassa.
Og no er fredag kveld neste!
Ny landskamp, kvalitetsklubbmarkering og 4. divisjonskamp STIL - Dale!