Damelaget satsar saman med Jølster
Forfatter: Administrasjonen
10. februar 2026
Damelaget satsar saman med Jølster
For 2026-sesongen går STIL og Jølster saman om eit samarbeid på damesida. Målet er å sikre eit stabilt og godt kamptilbod, samtidig som ein samlar kreftene for å skape eit større og meir robust miljø.
Tidleg i februar vart samarbeidet formelt godkjent, og det blir stilt med to lag denne sesongen – eitt 11-ar-lag og eitt 7-ar-lag.
To lag i seriespel
11-ar-laget skal spele i 4. divisjon under namnet Sandane/Jølster. Sandane Fotball har det administrative ansvaret for dette laget, og kampane blir spelt i STIL sine drakter.
I tillegg blir det eit 7-ar-lag i 6. divisjon under namnet Jølster 2/Sandane 2, der Jølster Fotball har det administrative ansvaret og laget spelar i Jølster sine drakter.
Bakgrunnen for samarbeidet er eit felles behov for fleire spelarar i begge klubbane. Kvar for seg var det knytt usikkerheit til om ein hadde store nok spelargrupper til å stille eigne lag gjennom heile sesongen. Ved å samle ressursane har ein no fått ei løysing som gir eit breiare tilbod til fleire.
Eit større miljø
Spelarstallen består no av jenter og damer frå begge klubbane, og dei første fellestreningane har gitt eit godt grunnlag for å bygge eit nytt lag. Samarbeidet gjer det mogleg å tilby både eit satsingsretta 11-ar-lag og eit meir fleksibelt 7-ar-tilbod for dei som ønskjer å kombinere fotball med skule, studiar eller jobb.
Med ei større treningsgruppe ligg forholda betre til rette for både utvikling og stabilitet gjennom sesongen. Samtidig gir det spelarane moglegheit til å halde fram med fotballen lokalt, i staden for å måtte søkje tilbod andre stader.
Treningar på tvers av bygdene
Treningskvardagen blir delt mellom Sandane og Skei, slik at begge klubbmiljøa blir tekne i bruk. Det har allereie vore fleire fellesøkter, der fokuset har vore på å bli kjende, bygge relasjonar og finne ei felles retning inn mot sesongen.
Seriestarten nærmar seg i april, og laget går inn i året med ei stor og engasjert spelargruppe som skal bruke tida framover til å bli samansveisa – både på og utanfor bana.
Jan Asle Rustøen og Steinar Holvik blir med vidare
Det har vore noko usikkerheit rundt trenarsituasjonen inn mot den nye sesongen, men no er det klart at både Jan Asle Rustøen og Steinar Holvik held fram i rollene sine også i år. Klubben er svært glad for at begge har valt å forlenge engasjementet sitt, og vere med vidare rundt damelaget.
I fjor la dei, saman med Maria Kleppe, ned ein stor og uvurderleg innsats gjennom heile sesongen. Dei sørga for gode rammer rundt treningskvardagen og kampane, og var viktige bidragsytarar til utviklinga til spelarane og tilbudet på kvinnesida her på Sandane.
Kontinuiteten i trenarteamet gir eit godt utgangspunkt inn i det nye samarbeidet med Jølster, og blir ein viktig del av arbeidet med å bygge laget vidare i 2026-sesongen.
All foto: haugenfotball.no
Les meir om saka i Firda Tidend her