[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL vert med i krinsserien

Forfatter: Svein Kristiansen

02. desember 2023

Fotball
News article image

Kretsmeister og opprykk til A-klassa i første sesong!

Tekst: Jan Nik. Hansen

STIL vart innmeldt i fotballkrinsen i 1932 og kom med i krinsserien i 1933. Alt første året vart STIL krinsmeister i klasse B (slik som i 1923) og rykte opp til A-klassa der laget møtte Høyanger, Florø, Eid og Stryn. Frå 1934 til 1939 spelte Sandane mot dei same tre-fire laga: Høyanger, Florø, Eid og Stryn.

I 1934 får Sandane nye drakter: Svart- og grønstripet trøye, svart bukse og svarte sokkar med grønt oppslag.

Dei sportslege prestasjonane er ustabile og prega av manglande systematisk trening, men trass svingingar peika mange teikn framover. STIL har både A- og B-lag, stor spelarstall og spelemessig framgang. Opprykket hadde auka fotballinteressa. Fleire spelarar kom til, og treningsframmøtet var godt. STIL greidde no å stille lag i både A- og B-klassa.

Custom image

Laget som vart krinsmeister i 1933 og sikra opprykk til klasse A: Første rekkje f.v.: Rolv Henden, Karl Ødven og Jon Ryssdal. 2. rekkje f.v.: Anders Henden, Sverre Skrivervik og Arne Lind. Tredje rekkje f.v.: Peter Haugen, Odd Lyslo, Malvin Sletten, Asbjørn Hansen og Per Aardal.