HERLEG SEIER FOR SANDANE
Forfatter: Svein Kristiansen
17. august 2015
Sandane var ikkje til å kjenne igjen og vann fortent 3-2 på bortebane i Førde mandag kveld.
Førde 2 - Sandane 2-3 (1-1)
Hafstadparken
4. divisjon
1-0 (24. min) Elias Ø. Larsen (straffe)
1-1 (36. min) Isak G. Solheim
2-1 (80. min) Øystein R. Østvik
2-2 (82. min) Jonas Løvland
2-3 (87. min) Thomas Dyrrdal
Det var ein fartsfylt og underhaldande kamp, der Sandane på ingen måte sto tilbake for Førde 2 i banespelet.
Sandane viste duellvilje som frå første stund skapte uro i Førde 2s spel. Solid forsvarsspel og aller bakerst hadde STIL som vanleg ein solid sisteskane i Simon Gimmestad. Han var svært nær å ta straffa som førte Førde 2 opp i 1-0, og hadde ei rekke trygge involveringar både pås trek og i feltet.
Jonas Løvland var tilbake for Sandane, og var uvurderleg tilstadeverande så og seie over alt på bana. Makker Andreas Bjørkum Vereide vaks og vaks utover i kampen, og gjorde også manns jobb på Sandanes midtbane.
Sandane spelte seg til ei rekke sjansar i denne kampen, og det er ingenting å seie på at det til slutt vart STIL som sto igjen med poenga. I første omgang hadde Isak G. Solheim fleire gode mogelegheiter, og det var også han som gav Sandane 1-1.
Andre omgang var lenge jamspela, men utan at Førde 2 kom til særleg mange sjansar. Etter kvart festa Sandane grepet, og det var eit tilbakeslag når Østvik nikka ein corner inn frå kort hald. Men Sandane svarte umiddelbart. Først ved uforliknelege Jonas Løvland, som sette eit frispark frå 20 meter i mål, klin i hjørnet. Vidunderleg å vere vitne til. Så var det lagkaptein Schjølbergs frigjerande pasning til Thomas Dyrrdal, som var sterk då han fekk sjansen til å bli matchvinnar.
Dommar Mardal hadde ingen heldig dag på jobben, og var ikkje orientert då Førde 2s sisteforsvarar felte Jonas Løvland etter 4 minutt spel. Han gav Førde 2 ei lettkjøpt straffe, medan han oversåg fellinga av Jonas Løvland i den hektiske sluttfasen av kampen.
Les detaljert referat frå kampen i vår LIVE-oppdatering (sjå annan stad på sida her).