Kaupanger - Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
30. april 2015
Nederlag i Sogn.
Live Blog Kaupanger - Sandane
|
-Vi er skuffa, både over resultatet og eigen prestasjon, seier STIL-trenar Øyvind Hervik etter at det vart eittmålsnederlag mot Kaupanger fredag ettermiddag. |
|
Kampfakta: Kaupanger - Sandane 1-0 (1-0) 4. divisjon 1-0 (11. min) Christopher Brugrand Dommar: Dan Kåre Esp, Eikefjord Sandane: Simon Gimmestad, Ole Andre Aa, Martin Svarstad, Andreas Vereide, Eirik Rauseth, Jonas Løvland, Jonas Denk, Ingebjørn Mundal (William Landøy frå 66. min), Jon Vegard Byrkjedal, Magnus Bolseth (Kristian Møll frå 72. min), Thomas Dyrrdal. Kaupanger fekk eit tidleg mål i første omgang, etter ein glipp hos bakerste STIL-forsvarar. Kaupanger var klar vinnar i duellspel og spelevilje, men var eit lag som Sandane normalt burde kunne ta alle poenga frå. Kampen var totalt sett jamspela, med Sandane som det førande laget frå slutten av første omgang og heile andre omgang. Martin Svarstad nikka ballen frå kort hald i bakken og over mål, Eirik Rauset avslutta frå kort hald,like over, og mot slutten av kampen var det likeeins små marginar som hindra STIL frå skåring. STILs spelarar kan ikkje vere nøgde med sitt eige spel frå start. -Det verka som mange ikkje hadde ønske om å ha ballen, sa Ole Andre Aa etter kampen. STIL hadde god kontroll defensivt, og det var framover på bana det mangla litt sting. Lagets klart beste spelar, Jonas Denk, kan ikkje gjere det åleine, og vi håpar verkeleg at fleire på laget får lyst til å vise seg fram. Kristian Møll fekk sin debut som A-lagsspelar, og løyste sine oppgåver glimrande. Ass.trenar Espen Aagård syntes STIL i dag framsto som svært ujamt. -Då får vi problem med å få til vår litt krevjande spelestil. |