[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kan STIL utfordre Førde 2?

Forfatter: Svein Kristiansen

26. juni 2015

Fotball
News article image

Førde 2 kjempar om tetplassen i divisjonen, og kjem til Idrettsplassen laurdag med eit sterkt mannskap.

Det nærmar seg sommarpausen for alle laga i 4. divisjon. Det gjenstår 3 kampar å spele, og Førde 2 er involvert i to av dei. Tysdag 30/6 møtest Dale og Førde 2, men alt i morgon, laurdag 27/6 skal Sandane og Førde 2 spele den utsette seriekampen frå andre serierunde.

Førde 2 satsar nok på å ta ferie på toppen av tabellen, noko ein seier på Idrettsplassen eller Dingemoen vil gje dei. Laget har vore botnsolide i år og har kun eitt tap på sine 9 første kampar (3-4 borte mot Høyang). I forrige serierunde vann Førde-laget 5-3 over opprykksrivalen Fjøra.

Sandane på si side har i to kampar no omsider funne tilbake til ein god fasong. Trass i skader på sentrale spelarar har Øyvind Hervik ein bra tropp som heilt sikkert er innstilte på å overraske laurdag. 3-0 over Skavøypoll på onsdag let seg absolutt høyre, og har nok gitt kveik og meirsmak. I sin nye formasjon har Sandane no spelt to kampar på rad dei kan vere bekjent av. Det vert skapt fleire sjansar enn før og vi noterer på plussida at laget har folk som finn vegen til mål. Jonas Denk (2), Thomas Dyrrdal, Martin Svarstad og Isak G. Solheim har stått for nettkjenningane, og Thomas Dyrrdal hadde vel 2,5 assist i 3-0-kampen mot Skavøypoll. 

Vi oppmodar publikum om å møte opp og støtte laget! Kampstart på Idrettsplassen laurdag 27/6 kl 1500

Gjenståande kampar: 

26/6 Høyang - TMFK

27/6 Sandane - Førde 2

30/6 Dale - Førde 2

Tabellen ser slik ut: 

PLASSLAGKAMPERHJEMMEBORTETOTALPOENG
VUTMÅLVUTMÅLVUTMÅLDIFF
1Fjøra1141012 - 241116 - 1082128 - 121626
2Førde 2950017 - 630112 - 880129 - 141524
3Sogndal 31132120 - 931110 - 763230 - 161421
4Tornado Måløy1042019 - 1220214 - 662233 - 181520
5Høyang1040116 - 812211 - 1352327 - 21617
6Kaupanger1130312 - 112129 - 851521 - 19216
7Sandane102026 - 721312 - 1241518 - 19-113
8Skavøypoll1111310 - 1221313 - 1232623 - 24-111
9Dale101032 - 62229 - 1132511 - 17-611
10Vik110245 - 122038 - 1322713 - 25-128
11Florø 31112212 - 130246 - 1514618 - 28-107
12Tambarskjelvar110157 - 231041 - 231198 - 46-384