Torbjørn Gran overtek i STIL
Forfatter: Svein Kristiansen
02. oktober 2016
Torbjørn Gran blir Sandane sin nye trenar. Etter ein tung sesong ser klubben framover, og nyetrenaren gjer det samme: -Det skal bli moro å spele for STIL, varslar Gran.
-Eg er svært motivert for oppgåva. Dei fire siste åra har eg tatt trenarutdanning og i tillegg fått relevant erfaring. Eg føler eg er blitt svært involvert i STIL gjennom desse åra. Det gjer at ein får lyst til å bidra meir, seier STILs nye trenar.
Det siste året har Gran fokusert mest på lagbygging og strukturelle forhold i klubben. Når det gjeld A-laget har han følgande melding: –Spelargruppa er så ung at kvardagen vår i stor grad må handle om spelarutvikling. Samtidig må vi sjølvsagt halde fokus på A-laget og resultatbetring.
Torbjørn Gran er utøvande musikar, noko som inneber helgearbeid. Han driv i tillegg eit eventbyrå som administrerer jobbar for mange musikarar. – Eg har tidlegare uttalt at det på grunn av arbeidet mitt ville måtte gå 10-15 år før eg kunne vere aktuell for ein trenarjobb for eit A-lag. Eg har endra syn, og valt å prioritere om. Det har mykje med den nevnte treningsgruppa å gjere, samt den motivasjonen eg har fått gjennom trenarutdanninga. Eg ser også at Sandane støttar trenarane sine, blant anna ved å betale for trenarutdanninga deira. Satsinga på trenarutdanning medfører at 12-15-åringane i klubben blir tatt godt vare på av kvalifiserte trenarar. Det gjer at spelarane vi får opp kjem til å vere betre rusta for nivået som møter dei i vaksenfotballen. Eg meiner at vi har eit bra potensiale i dei unge spelarane vi har i klubben i dag.
Torbjørn Gran har vist seg som ein svært kunnskapshungrig trenar. I tillegg til den obligatoriske trenarutdanninga har han oppsøkt treningsmiljø som er relativt fjerne frå STIL-kvardagen. Han har såleis hospitert i Start under trenar Mons Ivar Mjelde. Han har årleg deltatt på Eggens trenerskole i Trøndelag, og seinast i haust var han ei veke i Rosenborg si ungdomsavdeling.
-Min største motivasjon er spelargruppa vi har til rådigheit. Det siste året har vi hatt 15-20 spelarar fast på trening. Alle viser at dei har lyst til å bli betre fotballspelarar. Dersom ein har ei slik gruppe er det ingenting som kan vere betre enn det, og det har eigentleg ikkje noko å seie kva divisjon ein spelar i.
Det er avklara at Espen Aagård blir Grans trenarassistent. –Espen har vore med i mange år, og har tillit i treningsgrupppa. Han representerer ein verdifull kontinuitet og eg har stor respekt for det han står for, seier Gran.
Gran avslører at han har klare planar for treningsarbeidet når han overtar ansvaret 1. november. –Planen er klar. Spelarane som er idrettselevar på Firda vidaregåande skule må førebu seg på 6-7 A-lagsøkter i veka, tre av desse vil foregå i skuletida, med Ingmar Sægrov som ansvarleg. –Vi lagar ein periodisk årsplan der arbeidet på dagtid vil ha eit individuelt fokus som også vil bli følgt opp under kveldstreningane med A-laget.
Gran har også tankar om spelesystem og varslar at laget kjem til å trenge tida for å stå rusta til seriestarten i april. –Kvar økt frå vi startar 1. november blir viktig. Vi har mykje vi skal igjennom.
Gran seier han både håpar og forventar at dei som spelar på laget i dag har lyst til å bli med på den nye starten for STIL. –Vi satsar på ein skikkeleg oppturssesong i 2017. Det skal bli artig å spele for Sandane, varslar nyetrenaren.
Torbjørn Gran har signert ein toårskontrakt som A-lagstrenar for STIL. Han skal i same periode vere Trenarkoordinator i klubben.