[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Toppkamp i 5. divisjon

Forfatter: Svein Kristiansen

07. september 2022

Fotball
News article image

-Viktig kamp som kan bli avgjerande for utfallet av serien, seier Sandanetrenar Simon Andre Gimmestad.

Sandane har susa gjennom årets 5. divisjon, men no hardnar det til: Det er stor spenning knytt til dei to komande oppgjera, mot Dale og Kaupanger. -Vi har to heimekampar på rad som vi kjem til å gi alt for å vinne, varslar trenar Simon Andre Gimmestad. Dale og Kaupanger er rivalar i kampen om tetplass i divisjonen.

Noko undervurdering av Dale kjem ikkje på tale. -Dale er eit godt, rutinert lag og eg ser for meg at det blir ein tøff, jamn kamp, seier Sandane-trenaren. Han har heller ikkje gløymt at Dale er det einaste laget som har påført Sandane tap i årets serie. På Dingemoen vann Dale 2-0.

Sandane har tøffe bortekampar igjen, mot Førde 3 og Selje, og må framleis sanke poeng.

Utan tap i Sandane Idrettspark

STIL har til gode å avgi poeng i Sandane Idrettspark denne sesongen. -Nei, her har vi fortet vårt og her vil vi gjerne bestemme, seier Gimmestad, som rosar spelarane sine. -Vi har flotte spelartypar med god fotballforståing og som likar å få til vårt hurtige spel. - Vi håpar på eit godt publikumsoppmøte og kan love god underhaldning! Kampen vert spela fredag 9. september kl. 19.00.

Sandane sin lagkaptein Robert Vik har dessverre vore ute med langtidsskade. Han er heldigvis i lett trening igjen, men vil ikkje vere klar til fredagens kamp. Det er derimot Mads Wie, som har fått god behandling etter ein smell. Det vil også glede heimepublikummet å sjå Jonas Denk og Jonas Løvland i startoppstillinga mot Dale. Også STIL-trenaren hentar fram keeperhanskane og er klar for kamp.

Sandane og Dale møttest sist til seriespel i 4. divisjon i 2016. Dale vann begge oppgjera mot STIL det året (2-1 i Dale, og 1-3 på Sandane). For dei som har følgt STIL ei stund kan det nok vere vanskeleg å ikkje minnast 6-5-kampen på Idrettsplassen i 2009, der STIL leia 5-0 etter at ein knapp time var spela. (Lenka fører deg til ei utskrift av STIL si LIVE-oppdatering frå kampen i 2009).