[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Seriestart!

Forfatter: Svein Kristiansen

05. mai 2021

Fotball
News article image

Gladnyheit: fotballen rullar igjen! Nokre av våre lag startar sesongen alt denne veka.

Så vert det endeleg seriespel i aldersbestemt fotball. Etter eit langt år utan kamp om poeng skal fotballen endeleg få rulle fritt, og mange gledar seg. Inntil vidare er det lag frå same kommune som kan møtast til dyst. Det inneber seriestart for J12, G11 og G12 allereie denne veka.

I dag, onsdag 5. mai kl 18.00 spelar G11: Sandane 1 mot Sandane 2. I morgon, torsdag, sesongdebuterer J12 med heimekamp mot Breimsbygda kl. 18.00. G12 spelar bortekamp mot Breimsbygda, medan det vert returoppgjer på Sandane 13. mai kl 18.00.

Sjølv om det ikkje er avklara enno: det er håp om at det uavhengig av aldersgruppe skal bli opna opp for å spele kampar mot lag frå nabokommunane etter 24. mai.

Så har vi fått ei viktig påminning frå kretsen:

  1. Følg retningslinjer for smittevern regulert i Koronahandboka, kapittel Kampgjennomføring. Ver og merksam på lokale reglar som kan gjelde for din kommune.
  2. Alle spelarar og trenarar i ungdomsfotballen skal ha gjennomført koronavettkurs før sesongstart. Dvs dei som ikkje fullførte kurset i 2020.
  3. Alle kampar i breiddefotballen skal ha synlege kampvertar med gul vest. Sjå instruks for kampvertar.
  4. Generell informasjon om kampgjennomføring, sjå Handboka for lagleiarar på nett: kampvert.pdf (fotball.no)

Brukarveiledning Fotballens koronavettkurs

Kretsen viser elles til utsending i samband med terminlistene i mars vedr retningslinjer for seriespel i 2021.