STIL besøker naboen
Forfatter: Svein Kristiansen
04. oktober 2018
Etter 1-5 mot eit knallsterkt Fjøra 2/Sogndal 3 sist helg, er opprykksdraumen avhengig av at Syril går på to nederlag i sesongavslutninga. Sidan det er lite STIL kan gjere med det, er spørsmålet meir om laget har to i seg til å gjere sin del av jobben, nemleg å vinne dei to siste kampane.
Fredag kveld tar laget vårt turen til Jølster. All erfaring tilseier at det skal sterk vilje og innsats til for å ta poenga frå jølstringane, som hatar å tape for Sandane. På papiret er dette den vanskelegaste oppgåva i serieinnspurten, som vert avslutta med parallelle kampar søndag 14. oktober. Då spelar Sandane mot Stryn 2 i Sandane Idrettspark.
Syril møter formlaget og tabelleiar Høyang heime førstkomande mandag, før dei avsluttar sesongen med bortekamp mot Bjørn. Hafslo-laget imponerte med 10-1 over Balestrand i siste serierunde.
Vi ønsker våre menn lukke til på Jølster!
Tabell og terminliste 5. divisjon.