-Sleit for å unngå nedrykk
Forfatter: Svein Kristiansen
05. desember 2023
STIL strevar seg gjennom 1950-åra, men får etterkvart ein oppsving.
Fotballkamp STIL – Brann på Idrettsplassen i 1961. STIL sitt lag nærast. Frå h.: Alf Ødven, Kåre Holvik, Erik Ødven, Jon Seljeseth, Kolbjørn Mardal, Bjørn Høyvik, Ingebrigt Øvreseth, Oddmund Huslid, Harald Fonn, Per Hostad, Kjell Slagstad og Helge Lyslo. Resultat: STIL - Brann 2-6.
Tekst: Jan Nik. Hansen
1950-åra held STIL seg i A-klassa og spelar kampar mot Stryn, Måløy, Kvalheim og Hornindal, men ligg stort sett på den nedre halvdelen av tabellen og slit somme år hardt for å unngå nedrykk. Ustabiliteten skuldast dårleg oppslutning om treningane noko som fører til dårleg kondisjon og dårleg samspel. Sjølv om fotballgruppa har mange aktive, slit STIL med å stille lag, særleg til bortekampane.
Men på 1960-talet kjem eit oppsving som peikar framover mot opprykk. I 1961 blir STIL nr. fem i det som vert 4. divisjon og femner om heile fylket. Ei storhending mange framleis minnest er då Brann kom på besøk i 1961 med fleire landslagsspelarar på laget, t.d. Roald «Kniksen» Jensen og Rolf Birger «Pesen» Pedersen.