[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STILs damelag til finalen

Forfatter: Svein Kristiansen

11. desember 2022

Fotball
News article image

Sandane spelte seg heilt til finalen i KM futsal for senior i Stryn laurdag. Der vart Sogndal FK for sterke, og det vart såleis sølvplass for våre kvinner.

Bilde: Stig Høynes, Haugen Fotball

Sandane hadde to lag med i dameklassa, og eitt i herreklassa.

Sandane 1 gjekk heilt til finale i dameklassa, etter at dei slo Førde 2 4-3 etter straffer i semifinalen. I finalen var Sogndal FK suverene og vann 6-0. Sogndal FK var svært gode og slapp inn kun 2 mål i heile turneringa.

Sandane 2 damer slo Stryn 1 i gruppespelet, men måtte sjå seg slått både av Førde 1 og Sogndal FK. Sandane-laget endte på tredje plass i si gruppe.

I herreklassa opna Sandane med ein fin 3-0 seier over Hornindal. Det vart imidlertid tap 3-4 mot Førde 4, uavgjort mot Måløy (2-2) og eit knipe tap (1-2) mot Stryn sine beste, og det heldt ikkje til avansement til utslagsrunden.

Sjå BILDER frå KM Futsal