-Slik har vi det ikkje hos oss!
Forfatter: Svein Kristiansen
25. august 2021
Viktig informasjon til trenarar, lagleiarar og foreldre!
2 av 10 jenter og 1 av 10 gutar opplever grensekrenkande opplevingar av seksuell karakter før dei fyller 18 år.
- Ikkje på Sandane, vil nok mange av oss både tenke og tru.
-I så fall er det berre eit tidsspørsmål før det ikkje er slik lenger, seier Redd Barna.
Vi vil vere i forkant i STIL. Foreldre og barn viser oss stor tillit når dei sender barna på trening hos oss. Gjennom eit kort kveldskurs ønskjer vi å bidra til ei bevisstgjering rundt temaet "Trygg på trening" og kva vi som trenarar og tillitspersonar rundt spelarar og lag skal gjere om vi kjem i situasjonar som gjer oss usikre på korleis eit barn på laget vårt har det.
Kurset vil også presentere ein skal/skal ikkje-norm for trenarar og andre som møter barn og ungdom på trening. Vi garanterer at alle har noko å lære!
Det blir gjennomført kurs i G-bygget, Sandane Idrettspark
mandag 6. september kl 20.00-21.30
torsdag 16. september kl. 18.00-1930
Kurskveldane er identiske, så velg den kvelden som høver best for deg!
I denne omgang vil trenarar og lagleiarar for J10/G10 og oppover bli prioritert.
Kurshaldarar: Margot Nesgård og Svein Kristiansen
Påmelding til kurshaldarane direkte eller [email protected].
Det vil også bli ei kort innføring i Spoortz, verktøyet for å registrere aktive spelarar som høyrer til ditt lag.