[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Leiarane inn i Gloppen Idrettsråd?

Forfatter: Svein Kristiansen

05. april 2016

Forside
News article image

Tysdag 5. april vert det halde årsmøte i Gloppen Idrettsråd. Årsmøtet skal mellom anna handsame framlegg til ny styresamansetnad i idrettsrådet.

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vert det utdeling av Stimulansprisen for 2015.

Årsmøtet skal vidare behandle framlegg til ny styreordning for GIR. Denne inneber i korte trekk at styret skal bestå av ein representant (helst leiar) frå dei fem største idrettslaga i kommunen + to medlemmer frå andre idrettslag (GFIL, GHK, Gloppen Padleklubb, Gloppen Golfklubb).  Dei fem største laga er STIL, Breimsbygda IL, Hyen IL, Brodd IL og Fjellhug/Vereide IL.

Bakgrunnen for framlegget er å sikre at idrettsrådet får ei betre forankring i idrettslaga, og gi idrettsrådet større truverde og sterkare slagkraft.