Sandane til Måløy
Forfatter: Svein Kristiansen
05. august 2016
STILs 4.divisjonsmannskap tar laurdag turen til Måløy, der TMFK er motstandar i første haustkamp. Det er ingen lett bortekamp, men for Sandane er det langt meir enn tre poeng om å gjere.
Etter ein poengmessig svak vårsesong er det heilt sentralt at mannskapet vårt heilt frå start set ein standard for eigne prestasjonar som viser at dei vil noko i årets serie. Det er lite vits i å spekulere i mogelegheitene for tabellavansement og sikring av plassen, men vi ønskjer for laget at dei viser at dei har nivået som skal til og byr samtlege motstandarar i serien kamp om poenga.
Sandane var på ingen måte spesielt underlegne motstandarane i vårsesongen, men mangelen på målteft var jo openberr. Utan mål blir det heller ikkje særleg med poeng.