Sandane Idrettspark: slik starta det
Forfatter: Svein Kristiansen
20. desember 2023
2000-talet: Ein aldri så liten revolusjon skulle foregå på anleggssida i STIL. Og det begynner med kunstgras: Den krevande anleggssituasjonen kan kanskje best illustrerast med det som skjedde i 2007: ein avgjerande heimekamp mot Skavøypoll måtte spelast på Eid si kunstgrasbane.
Bildet: Rolv Almenning var klar på kvar han ønskte seg ei kunstgrasbane. Og ja, det var nettopp Myklebustflata han peika seg ut. Foto: Firda Tidend
Dette var tidleg i september, men haustregnet gjorde at Idrettsplassen allereie fleire dagar før kamp vart erklært ueigna.
På 1990-talet og 2000-talet skjedde ei storstila anleggsutbygging i Norge. Stikkordet var kunstgras. Vi kan på ingen måte skryte på oss at Sandane var først i løypa. Men i 2003 tok Rolv Almenning over leiarvervet i fotballgruppa, og han gav klar beskjed både internt i klubben og i media: klubben har behov for eit nytt fotballanlegg. Norges Fotballforbund var samd med Rolv: dei løyvde etter kvart kr 25000 som startkapital.
I 2006 vart ei kunstgrasnemnd oppnemnd, beståande av Rolv Almenning, Jan Inge Erdal, Arild Bruland, Ingolf Aagård, Morten Bolseth, Jan Arve Frøyset og Svein Kristiansen.
Dessverre vart Rolv Almenning alvorleg sjuk og døydde 24. juni 2007. Han fekk derfor ikkje sjå det ferdige resultatet av arbeidet.
Fleire spørsmål måtte avklarast før STILs eigne organ kunne gje det endelege klarsignalet for prosjektet. Bana var kostnadsrekna til litt under 11 millionar kroner, og det økonomiske var sjølvsagt ei hovudbekymring. Men 15. mai 2007 var STIL klare: Vi vil bygge. Og bana kan stå ferdig 19. september 2008!
I prosessen skulle stad for ei kunstgrasbane avklarast: Idrettsplasssen, Søreide eller kanskje Myklebustflata? Nemnda samla seg om Myklebustflata. Det neste spørsmålet var om ein kunne få hand om arealet. Ein velvillig grunneigar sa ja! Neste hinder var arkeologiske utgravingar, og spenninga var stor då det vart gjennomført utgravingar i august 2007. Ein del av arealet vart bandlagt, men plass til ei fotballbane, det vart det!
Bildet: Her er kunstgrasnemnda komt godt i siget: viktig og avklarande møte med kultursjef Jan Kjetil Øygard i Gloppen kommune. F.v. Jan Arve Frøyseth, Morten Bolseth, Jan Inge Erdal, Jan Kjetil Øygard, Arild Bruland og Ingolf Aagård. Foto: Svein Kristiansen
Jan Inge Erdal og Arild Bruland var heilt sentrale i arbeidet med å fullføre dette prosjektet. Deira faglege kunnskapar kom godt med og skapte tryggleik. Det same kan seiast om økonomiansvarleg Ingolf Aagård. Anlegget sto ferdig 14 dagar før planen og utan uføresette, ekstra utgifter. Ein stor idrettsprestasjon!
Rolv Almennings minnefond.
Då Rolv Almenning døydde bestemte familien seg for å opprette eit minnefond i hans namn. Gåvene som kom inn skulle gå til den nye kunstgrasbana på Myklebustflata. I oktober 2007 kunne STIL motta ein sjekk på kr. 129.500.
-Vi veit at pengane kjem godt med til noko som Rolv verkeleg brant for, skreiv Rolv sin famiie i helsinga til STIL.