[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

KRISTELEG FOLKEPARTI

Forfatter: Svein Kristiansen

06. september 2015

Forside
News article image

-Arbeidet som idretten utfører er sjølve limet i samfunnet vårt, seier ordførarkandidat for Kristeleg Folkeparti i Gloppen, Svein-Ottar Sandal. Det offentlege og idretten må arbeide tett saman, då får ein mest ut av dei knappe ressursane vi har, seier Sandal som dagleg gler seg over all aktiviteten i Idrettsparken.

Kristeleg Folkeparti sin ordførarkandidat understrekar at Kristeleg Folkeparti generelt er opptatt av frivilleg sektor som ei bærande kraft i utviklinga av samfunnet. -Vi har vore den som har fått på plass skattemessig frådragsrett for gåver til frivillege organisasjonar, og få desse årleg auka i pakt med prisutviklinga.

Custom image

Sandal understrekar at skal vi nå våre mål må det vere tett samarbeid med kommunen og idretten sjølv. -Eg tenkjer at idretten må dokumentere sine behov og prioritere gjennomføring av prosjekt slik at vi som skal inn i kommunestyret kan gjennomføre tiltak i samsvar med prioriterte mål. Så er idretten stor og har varierte tilbod. Ikkje alltid kan kommunen tilfredsstille alle, det må også idretten akseptere.  

Vi har tatt store investeringar innan kultur og idrett dei siste åra. Dette skal no betalast. I dette bildet må vi ikkje gløyme at det er noko som heiter drift. Eg inviterer også idretten til ikkje berre å tenkje bygg og anlegg, men også at desse skal brukast. Det må såleis ikkje bli så dyrt at viktige grupper dett utanfor av økonomiske grunnar. Det er viktig å tenkje at der også skal vere plass til andre aktivitetar, og slik at borna ikkje blir stilt overfor umulege val i kva dei skal vere med på.

Sandal avsluttar med ei takk – og ei oppmoding: Takk til idretten for alt sitt mangfald, og la oss spele på same lag, for å halde oss til idrettsspråket.