[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane 2 - Hyen 0-3

Forfatter: Svein Kristiansen

07. september 2016

Fotball
News article image

Vaksnekarane frå Hyen er framleis sterkast

Sandane 2 haddde sin store del av banespelet, men når det kom til 16-meterane og spelet der vart dei vaksne karane frå Hyen eit nummer for store for ungdomane i STIL. 

-Dette var ein kamp som skildrar godt korleis det er å stille med eit tilnærma juniorlag i seniorfotballen, seier STIL-trenar Torbjørn Gran. -Vaksne gutar er ofte hakket tøffare og meir på i situasjonar der ballen skal klarerast i eigen 16-meter, og likeeins når det kjem til å putte ballen i motstandarmålet. Dette vart avgjerande i ein kamp der STIL 2 hadde banespelet og også skapte ein del sjansar, seier Gran.