Symjestemnet - LÅMØ Vest 2024
Forfatter: Eva Linn Fossheim
24. mars 2024
Emilie imponerte under LÅMØ Vest 2024
Helga 15-17 Mars gjekk LÅMØ Vest av stabelen i Førdehuset. I denne Landsdel Årklassemønstringa deltok heile 299 ungdommar frå 25 klubbar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Utøvarane var frå 11 til 16 år og alle konkurrerte innafor sine eigne årskull. I alderstrinna mellom 13 og 16 år blei dei 24 beste symjarane gjennom sesongen kvalifisert på bestetid ved å fullføre 5 øvelsar. Medan 11 og 12 åringane kvalifiserte seg ved å gjennomføre øvelsane med gyldig tid.
STIL Symjing laga historie på dette stemnet med Emilie Lillegraven Tystad som vår første utøvar på eit LÅMØ stemne. Emilie er født i 2013, og stilte difor i den yngste klassen saman med 20 andre jenter i same klasse. Emilie gjorde eit strålande stemne og hevda seg i toppen i fleire øvelsar. I tillegg slo ho sine persolinge rekordar på 4 av 5 øvelsar.
Med dei fire beste plasseringane som tellande, havna Emilie på ein imponerande 7. plass samanlagt. Alt i alt, eit fantastisk utført stemne av Emilie!
50m butterfly 8. plass Tid: 47,47 Personlig rekord: -4,81 sek
200m fri (crawl) 8. plass Tid: 3.09,74 Personlig rekord: -2,68 sek
100m bryst 5. plass Tid: 1,42.22 Personlig rekord: -1,22 sek
100m rygg 13. plass Tid: 1.45,78
100m medley 6. plass Tid. 1.34,24 Personlig rekord: -3,85
Med eit stemne på denne skalaen vert det mykje nye inntrykk og spenning. I tillegg til dei fantastiske resultata, så vil vi framheve Emilie si evne til å halde roen og fokuset då det verkeleg gjaldt. Stemnet varte over tre dagar, så evna til å omstille seg og gjere sitt beste kvar gong ho var i ilden, var veldig imponerande. Gratulerer Emilie!
Sidan Emilie var den einaste frå STIL vil vi takke utøvarane frå Eid som Emilie var mykje ilag med under stemnet. Nordfjordingane har blitt gode venner, noko som bidrog stort på trivselen.
Til slutt vil vi takke familien til Emilie, som laga ei fin og trygg ramme for jenta si gjennom heile helga. Foreldre, søster og besteforeldre var med og heia ho fram, noko som var flott å sjå.