[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Gutar 11 er årets Fair Play-lag i STIL Fotball

Forfatter: Adminstrasjonen

13. oktober 2026

Fotball
News article image

Gutar 11 er årets Fair Play-lag i STIL Fotball

Gutar 11 (2015) er kåra til årets Fair Play-lag 2026 i STIL Fotball. Laget får prisen for å skape eit trygt og inkluderande miljø der alle blir sett og verdsette.

Laget fekk usedvanleg mange og sterke nominasjonar. I grunngivingane blir gutane skildra som ein gjeng som heiar på kvarandre, løftar kvarandre fram og gler seg over medspelarane sine prestasjonar. Alle blir inkluderte, uavhengig av nivå, erfaring eller bakgrunn.

Juryen har særleg lagt vekt på korleis laget viser Fair Play gjennom handling kvar veke. Gutane tek vare på kvarandre både på trening og i kamp, viser respekt for motstandarar og dommarar og bidreg til eit positivt miljø der alle kjenner at dei høyrer til.

Fleire av nominasjonane trekkjer også fram korleis laget kombinerer sportsleg utvikling med fellesskap og inkludering. Dei sterke spelarane hjelper dei som treng litt ekstra støtte, og gutane gler seg minst like mykje når ein lagkamerat lukkast som når dei lukkast sjølve.

For juryen viser laget at den største sigeren ikkje alltid står på resultattavla. Han ligg også i måten ein behandlar medspelarar, motstandarar og dommarar på.

Juryen har bestått av Fair Play-ansvarleg Ragnhild Gundersen, sportsleg leiar Jonas Denk og trenarrettleiar Margot Meling Nesgård.

STIL Fotball gratulerer spelarane, trenarane, lagsapparatet og alle andre som bidreg rundt Gutar 11, med ein velfortent Fair Play-pris!

Custom image