Fotballdag for jenter i Idrettsparken
Forfatter: Gro Pleym Iversen
27. september 2023
Temaet for dagen var "spele kvarandre gode"
Laurdag 16. september var 30 jenter samla til fotballdag i Idrettsparken.
STIL Fotball arrangerte fotballdag for jenter i aldersbestemte klassar. Mads Wie og Jørund Walseth var engasjerte trenarar og hadde første treningsøkt. Etter ein pizzapause blei jentene delt inn i lag og så måtte dei løyse ulike samarbeidsoppgåver, mellom anna lage koppetårn og lage retningslinjer for mini-turneringen som dei skulle spele etterpå. Temaet var korleis spele kvarandre gode.
Det var fantastisk å sjå og høyre korleis jentene oppmuntra kvarandre og spelte kvarandre gode seier trenar Margot Meling Nesgård.
Det blei kake til alle og premie til vinnarlaget og eit Fair Play lag.
Takk for flott innsats av jentene og komiteen for dagen!