Salveson har talt!
Forfatter: Svein Kristiansen
13. april 2016
Dei nyopprykka laga vil få det tøft i årets 4. divisjon, meiner vår analytikar i slike spørsmål, Trond Salveson. Vår mann har som vanleg på denne tid av året teke fram lupa og vi presenterer resultata i dag og i morgon.
Like sikkert som at sesongstarten nærmar seg: Heimesida til STIL kan presentere utsiktene for laga i 4. divisjon.
Grunnen til dette er den landsomfattande omlegginga med blanta anna redusert tal på 3. divisjonsavdelingar. Pr 2016 har Sogn og Fjordane fem lag i 3. divisjon (Sogndal 2, Årdal, Fjøra, Stryn og Florø 2). Det er kun dei fire beste laga i 3. divisjon som vert ståande og får spele i den nye regionserien frå 2017. Resten rykker ned i 4. divisjon. Om alle dei fem laga frå Sogn og Fjordane skulle rykke ned til 4. divisjon, må derfor årets 4. divisjonslag halde seg blant dei 7 beste laga i 4. divisjon for å behalde plassen.
Den såkalla fylkesserien (4. divisjon) 2017 skal telle 12 lag. Frå 2017 vert 5. divisjon redusert til ei fylkesdekkande avdeling, og vil bestå av 12 lag. Dei tre beste laga frå kvar 5. divisjonavdeling i 2016 + dei nederste laga frå 4. divisjon vil spele i 5. divisjon i 2017. (Detaljane i den nye serieordninga kan du finne HER).
Men snakk til side, her kjem Salvesons tips for 4. divisjon 2016:
- ……….
- ……...
- ……….
- Høyang
- ………….
- ………….
- Fjøra 2/Sogndal 3
- Vik
- Dale
- Kaupanger
- Gaular
- Bremanger
Lag nr. 4: HØYANG
Salvesons vurdering: Joakim Måren og Andreas Bergseth blir vanskelege å stoppe. Høyang har viktige spelarar i Eirik Haukøy og Sjur Greaker. Når det gjeld Edin Agovich og Thomas Frichsen er spørsmålet om desse to er ute i årets sesong. Dersom det er tilfelle, kan Høyang få vanskar. Laget kom på 7. plass i 2015.
Høyang har spela mange treningskampar:;
Høyang – Gaular 4-2
Førde 2 – Høyang 2-2
Høyang – Førde 2 4-2
Høyang – Vik 5-0
Høyang – Kvernbit 4-0
Høyang – Kvernbit 3-2
Follese – Høyang 2-1
Djerv – Høyang 5-4
Lag nr 7: Fjøra 2/Sogndal 3
Dette er eit lag som kan overraske. Sogndal 3 var gode i fjor, med hjelp av spelarar frå Sogndal 2. Fjøra har ein stor stall. Vi reknar imidlertid med at Fjøra og Sogndal 2 i 3. divisjon får prioritet.
Lag nr. 8: Vik
Vik er blant dei laga med størst fysikk i 4. divisjon. Med veteranar som Hovland x 2, Saglien og Holen, veit ein kva som ventar. Blir ikkje blant dei laga som spelar i Fylkesserien 2017.
Vik redda plassen i siste serierunde i 2015. Håkon Skjerven har meldt overgang til Førde. Vik fekk eit stortap for 5. divisjonslaget Balestrand (10-1), men dette var i ein treningskamp.
Lag nr. 9: Dale
Dale fekk ein 8. plass i 2015, og er eit kronisk problemlag for STIL (stikkord: Frank Vik).
Dale vann 2-0 over Sandane på Idrettsplassen i fjor, medan det vart 2-2 i Dale.
Laget hadde 39-52i målskilnad i fjor. Sentrale spelarar for Dale er Frank Vik, Vegard Dyrstad, Wichstrøm og Sander Rørvik Solheim.
Treningskampar:
Gaular – Dale 5-3
Dale – Jølster 3-2
Dale – STIL 3-1
Lag nr 10: Kaupanger
Kaupanger redda plassen i 4. divisjon i siste serieomgang i fjor. Dette er eit lag som Sandane har hatt problem med på «Skogen». Kristian Hauståker har meldt overgang til Førde.
Lag nr. 11: Gaular
Sikre opprykk på tampen av 2015-sesongen. Kim Tangedal er spelande trenar og saman med nysigneringa Thor Erik Nygård er desse to sentrale spelarar for laget. Bjørvik og Nyland er målfarlige spelarar. Vi trur stallen er for svak til at laget kan hevde seg i 4. divisjon.
Treningskampar:
Høyang – Gaular 4-2
Gaular – Eikefjord 2-2
Gaular – Jølster 3-3
Dale – Gaular 3-5
Lag nr. 12: Bremanger
Nyopprykka Bremanger er heilt avhengig av Tore Rylandsholm og Simen Hamre på midtbana. Laget var suveren i 5.- divisjon avdeling 2 i fjor, men er for svake både i forsvar og angrep. Dei fekk mange kort i 5. divisjon i 2015-sesongen.
Treningskampar:
TMFK – Bremanger 6-2
Sandane – Bremanger 5-0
Bremanger – Eikefjord 0-2
Førde 2 – Bremanger 1-1