[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Håvard stilte opp for laget

Forfatter: Svein Kristiansen

17. juni 2015

Fotball
News article image

Nyleg kragebeinsbrot og fotball? We think not. Men på Sandane er det litt annleis. Då Sandane 2 møtte Vikane/Loen til spel i den lokale 6. divisjonsavdelinga tysdag kveld, var nyopererte Håvard Risnes Kjønås med frå start.

Førdeguten Kjønås fekk ein alvorleg skade med kragebeinsbrot under fotballspel for Sandane 2 for to veker sidan, og ingen venta å sjå lagkapteinen igjen i STILs blå drakt på ei god stund. Men slik fungerer det ikkje på Sandane 2. Kjønås var tilbake med nr 10 på ryggen frå start då Sandane 2 møtte Vikane/Loen til kamp i den lokale 6. divisjon, avd. 2. 

Kjønås, med skulder og arm i fatle, entra bana som ein moralsk gest til sine lagkameratar, og var på bana - utan ballkontakt - i vel 50 sekund. Då var det tid for eit kjapt bytte. - Skaden set meg ut for resten av sesongen. Operasjonen var heldigvis vellukka. Det er 6 veker meir før eg får frigjort armen frå fatla, og så er det langsam opptrening. Om eitt år er det ny operasjon og fjerning av plate i skuldra, fortel ein fatta Håvard Kjønås til STIL si heimeside. Ingen veit betre enn Kjønås kor uheldig dette var, både for laget og mest av alt .- sjølvsagt - for han sjølv. Den populære lagkapteinen for STILs andrelag har allereie hatt sin debut for Sandane sitt fjerdivisjonslag og har såleis vist seg som ein habil spelar. Ikkje minst er han eit samlingspunkt i andrelagsgjengen. 

Det høyrer med til historia at Sandane 2 spelte sin beste kamp for sesongen. Med to mål i kvar omgang var det aldri tvil om kvar poenga skulle, denne kvelden.

Vi ønsker Håvard lukke til med rehabiliteringa!