Magiske augneblink
Forfatter: Gro Pleym Iversen
03. mars 2025
SSF KM Futsal sluttspel for aldersbestemte lag
Då er ei fantastisk futsal-helg vel overstått. TAKK alle som har bidrege!
STIL Fotball var teknisk arrangør for 11 gong for fotballkretsen sitt arrangement. Då er det klart vi blir ekstra glade for denne tilbakemeldinga frå Geir-Inge Heggestad:
Tusen takk for eit strålande arrangement på Sandane i helga. Å sjå entusiasmen og gleden ved å arrangere ei så stor turnering var berre heilt fantastisk. Blide og hjelpsomme folk over heile linja,gjer dette til eit arrangement de verkeleg kan være stolte av. For NFF Sogn og Fjordane håpar eg de vidarebringer ein stor takk frå oss til alle som var med å gjorde ein flott jobb gjennom helga. Tusen takk🙂
Kjekt var det også at Tonni frå NFF var på besøk på vårt grønne arrangement med filmkameraet sitt. Vi er sjølvsagt spente på resultatet.
STIL Fotball hadde lag med i følgande klassar: Gutar 13, 14, 15, 16 og 19, Jenter 16 og 19. Nokre av trenarane har laga ei oppsummering til nettsida:
Gutar 15
Vi hadde Eid1, Jotun og Stryn2 i pulja vår. Eid 1 som den sterkaste motstandaren på papiret, men vi vann trygt 3-0. Vidare ein grei seier mot Jotun der det blei 5-0siger til slutt. Mot Stryn 2 ville vi bruke litt mindre krefter for å spare oss litt, men det blei litt tettare enn behageleg😄 Vann greit 2-0 her. Kvartfinalen mot Stryn 1 blei jamnare, men vidare til semifinalen med 2-1siger.
Semifinalen mot antatt beste laget i turneringa, Florø. Vi visste på førehand at vi har eit godt G15-lag i år som kan nå langt. Så vi gjekk inn i kampen med god tru på å slå dei. Kampen blei fantastisk spennande, der begge lag hadde masse sjansar og det var 0-0 til det var igjen 2-3 min, der dei fekk hol på byllen. Alt i alt ein heilt open kamp der det var 50/50 sjanse for å gå av med sigeren. Vi var veldig skuffa etter denne kampen.
Bronsefinale mot Eid 1, som vi tidlegare på dagen hadde kontrollert inn ein 3-0 siger; mange slitne bein, men vi hadde trøkket i denne kampen og. Masse sjansar som vi skulle scora på, men det enda 1-1 etter full tid og vi måtte ut i ekstraomganger med golden goal Der var vi uoppmerksomme heilt tidleg i ekstraomgangene og Eid tok bronsen. Gutane leverte ei strålande turnering, der vi kontrollerer dei fleste kampane. Vi er gode nok til topp 2 i dag, så 4.plassen idag opplevdes som ein nedtur😄 Men slik er fotballen! Det er slike augneblink som gjer det så magisk. Utrykket "cup er cup" er veldig beskrivende for oss i dag! Og apropos cup: Ei fantastisk turnering som STIL arrangerer smertefritt år etter år! 😄 Dette er crème de la crème for fotballelskarar!! Vel blåst STIL!! Vi gleder oss allereie til neste gong!
Helsing
STIL G15 v/Per Erik Eimhjellen
Jenter 16
Første kamp bar nok litt preg av nervøsitet og spenning, klarte ikkje heilt å lande skikkeleg, så det endte med tap. Dei andre kampane spelte vi mykje betre, vi gjorde litt av det vi snakka om å gjere betre etter første kamp. Følte vi tok mange gode og viktige duellar på midtbana, kommuniserte godt, men det stod likevel ikkje til meir enn 2 uavgjort og 2 tap. Siste kamp scora vi eit mål, og det var veldig kjekt å endeleg få inn! Mykje bra spel av jentene, men litt uflaks gjorde at vi ikkje fekk inn fleire mål.
Også vil eg berre sei at forsvaret og keeper gjorde ein fantastisk sterk jobb!
Helsing Isabell Rose
Gutar 16
God innsats av G16
STIL sitt G16-lag imponerte i de første kampene sine i dag. 1-1 mot Førde og seier 2-0 mot Dale gjorde at siste gruppespillkamp ble en kamp om puljeseieren mot Eid. Skader og sykdom svekket STIL-laget en del før Eid-kampen, og det ble et greit 0-2 tap mot laget som senere vant finalen. Men selv om det ble tap mot Eid, gikk gutta videre til kvartfinale som nummer to i gruppa. I kvartfinalen møtte vi Askvoll/Holmedal. Gutta våre klarte ikke å mobilisere den samme intensiteten og fokuset i denne kampen og vi fikk ikke i gang spillet slik vi ønsket. Slitne hoder og bein ble straffet hardt for litt småfeil og vi tapte kampen 0-2. Kjedelig å ryke ut i kvartfinalen, men alt i alt leverte gutta mye bra. Et lite plaster på såret er at de to lagene vi tapte for endte opp i finalen begge to.
Nå skal gutta få hvile beina noen dager før det er lokaloppgjør mot Jølster i vinterserien på onsdag.
Hilsen Magne
Jenter 19
KM futsal J19; Veldig spente jenter før første kamp mot Syril. Jentene har god kontroll defensivt og raske overganger, men får ikkje ballen i mål før ca 2 min før slutt. Det samme skjer i kamp 2 mot Gaular. Heldigvis får vi der også avgjort det rett før slutt. Kamp 3 mot Førde 1, scorer jentene våre tidleg. Ser ut som dei då klarer å senke skuldrene, og spelar fantastisk fotball. Mykje flott veggspel, der vi får løfta opp heile laget. Vinn tilslutt komfortabelt 5-1. Med 3 sigrar er vi godt i gang. Mot Vik er det jamt, leder 1-0, men så utliknar Vik. Er litt veksling fram og tilbake, men 5 sek før slutt scorer vi og nok en seier. Før siste innleiande er vi allerede gruppevinnarar, men jentene køyrer på. Feiande flott fotball, 5-0 seier og ubeseira inn til semifinalen 👏 Er berre 15 min mellom kampane, i innleiande, så no var det godt med en lengre pause før semifinalen mot Eid. I semifinalen er det veldig jamt, bølger fram og tilbake, vi er fullt på høgde med dei. Men blir dessverre ett knipe tap 1-0. Veldig surt.. Skal så ut i bronsefinale mot Gaular, som vi slo i innleiande. I denne kampen har vi heilt klart føringa, og fleire store sjanser. Både stolper og tverrliggeren står dessverre i vegen. Det smell bak keeperen til Gaular, men ballen vil ikkje i mål. Gaular scorer så på ei kontring, men heldigvis klarer vi å utlikne. Så rett før slutt, kjem Gaular på ei ny kontring og vinn 2-1.
Alt i alt skal jentene vere veldig fornøgd med dagen. Det er små marginar, og i dag vart det dessverre stang ut i dei siste avgjerande kampane. Mange gode målscorere, gode forvarsspelarar og keepere.
Sjølv om skuffelsen er stor no rett etterpå, syns eg jentene skal vere stolte av innsatsen. Det er iallefall eg !
Helsing Steinar
Gutar 19 - kretsmester i Futsal 2025 - tittelforsvarar
For ein gjeng - stor spenning til siste slutt - akkurat slik vi likar det!
Sjå ellers Firda Tidend for oppsummering ved lagsapparatet. Futsal-gutta klinka til med reprise
Fleire bilete finn vi etterkvart hos Haugen Fotball.