[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kretsens blå diplom: Margot Meling Nesgård

Forfatter: Svein Kristiansen

08. desember 2021

Fotball
News article image

Margot er ein av STILs mest erfarne og best utdanna trenarar. I botnen har ho ein filosofi som trumfar alt.

Margot begynte som knøttetrenar i STIL i 2008, og har sidan gått gradene i klubben. Ho er UEFA B-trenar og trenarrettleiar i klubben. Det er ingen tvil i klubben vår om at Margot fortener anerkjenninga frå kretsen. Høyr berre:

Margot lar seg inspirere av folk rundt seg. Ho ser barn og unge for det dei er, og gjer ein god jobb for alle som skal oppleve meistring, føle seg deltakande og verdifulle.

Ho simpelthen syg til seg kunnskap og erfaringsbasert påfyll frå samanhengar og personar som ho ser er bra for barna og ungdommen. Margot er klokkeklar på at det å "bli sett" trumfar alt.

Blir barn og unge sett er det grunnlaget for at dei skal kunne ha det kjekt, utvikle seg og føle meistring. For at utøvarane igjen skal bli trygge og tore å både prøve og feile. Dette gjeld båse sosialt og ferdigheitsmessig i den sporten vi driv.

Margot står helt klart for at den sosiale delen er den aller viktigsate. Dette er ho kompromisslaus på! Med dette som grunnlag har ho opparbeidd seg ein formidabel kompetanse innan fotballfaget. Ho er rett og slett blitt en veldig dyktig fotballtrener! Og bak det ligger det utrolig mykje meir enn å lære vekk å ta i mot og gi fra seg ball.

I STIL kjenner vi henne som ein forsiktig og stille person, og då er det desto meir imponerande å sjå kva ho har utretta med å kaste seg ut i fritt fall og pushe sine eigne komfortsoner til ytterpunkte dei siste åra. Ho har på kort tid tatt både Grasrottrenarkurset, UEFA B-trenarutdanning og no har hun akkurat fullført NFF si Trenerveilederutdanning.

Margot har hjartet utanpå drakta , bein i nasen og seier sine meningar, noko som gjer henne til en god sparringpartner for trenarar og spelarar i klubben.

En god trener må kunne vere tydeleg og konkret. Margot er det!