[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Bremanger - eit formlag

Forfatter: Svein Kristiansen

26. august 2016

Fotball
News article image

STILs motstandar denne serierunda har imponert og haustsesongen så langt har vore sterk.

Bremanger tapte knipe 1-2 mot Skavøypoll i første haustkampen, men har så slått til med to sterke bortesigrar - 1-0 over Høyang og 3-0 mot Vik. Det er såleis eit lag som har nivået inne og som ikkje har nokon grunn til å legge seg bakpå når Sandane kjem på vitjing. 

STIL har press på seg og treng poeng nettopp mot lag som Bremanger, som i skrivande stund er lag nr 7 på tabellen, 9 poeng framfor Sandane. Dei sju beste laga i årets fjerde divisjon blir som kjent ståande i divisjonen. 

Frå forrige kamp er Petja Cink, Arne Morten Vilnes Øen, Jon Vegard Byrkjedal og Ingebjørn Mundal med i troppa. Sandane må unnvere Håkon Schjølberg, Kristian Møll, Espen Fonn Sårheim og Ingmar Sægrov. 

Bremanger - Sandane vert spela på grasbana på Hauge kl 1400 laurdag.