-STIL fotball skal vere proaktiv
Forfatter: Svein Kristiansen
16. november 2021
Mandag kveld la eit utvida fotballstyre alle andre ting til sides og sette i staden søkelyset på seg sjølv og sitt eige arbeid. - Vi gjennomførte ei kombinert evaluering og idedugnad, der vi både såg på rollene til kvar enkelt og på arbeidet som vert gjort i dei ulike gruppene i STIL fotball, fortel leiar i fotballgruppa, Gro Pleym Iversen.
Det er tid for oppsummering etter eit spesielt år i idretts-Norge. Men coronaen er ikkje årsaka til at fotballstyret granskar seg sjølv. -Vi har lyst til å utvikle oss som klubb, og då må det evaluerast. Ei proaktiv haldning er nødvendig om vi skal kome oss vidare. Vi har behov for å sjå kva som fungerer, men ikkje minst å identifisere dei arbeidsområda der vi ser at vi har manglar. Spørsmålet er kvar vi kan sette inn støtet i det vidare arbeidet vårt, seier STIL-leiaren.
Møtet på mandag er del av ein større evalueringsprosess i STIL-fotballen. -Vi har gjennomført evalueringar i knøttefotballen, i aldersbestemt fotball og begge seniorlag, og skal også ha møter med dei to trenarrettleiarane i klubben, fortel Gro Pleym Iversen.
Klubbhandboka
Eit sentralt verktøy og hjelpemiddel i STIL fotball er Klubbhandboka, som verkeleg er eit dokument å kikke på om ein ønsker innsikt i fotballgruppa sin organisasjon. Klubbhandboka inneheld blant anna rollebeskrivelsar og handlingsmål for arbeidet i klubben, og blir løpande oppdatert.
Strategiplan
I komande veke startar også arbeidet med å utmeisle ein strategiplan for STIL fotball. Der vil vi systematisere og arbeide vidare med det som allereie er nedfelt i ulike dokument, for eksempel sportsplanen og klubbhandboka. Arbeidet skal ende ut med eit eige strategidokument for STIL fotball.