Enivest IFO
Glimrande KM-debut for 13-åringane
Forfatter: Svein Kristiansen
04. mars 2023
Fotball
Sandane hadde med fleire lag under første dag av KM futsal. G13, J13 og J15 fekk verdifull kamperfaring i Trivselshallen.
G13-laget spelte jamt med alle motstandarar under KM futsal. Det vart 1-1 mot naboane våre frå Jølster, medan laget som til slutt kom på fjerdeplass, Dale, vann 1-0 mot våre gutar. G13-laget vårt gjekk også på eit eittmålstap mot Gaular (2-3).
Trenarane Per Erik Eimhjellen og Mads Wie hadde mange lovord når dei oppsummerte dagen.