Sandane i støtet
Forfatter: Svein Kristiansen
12. august 2016
STIL hadde stigning i programmet gjennom heile kampem mot Kaupanger., og har no spela tre kampar på rad utan tap.
Kampfakta:
Sandane - Kaupanger 2-0 (0-0)
4. divisjon
Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang
1-0 (56. min) Petja Cink
2-0 (78. min) Jonas Denk (straffe)
Det tok fem minutt før Sandane var over midten på ordentleg i denne kampen. KIL duellerte og kjempa frå første sekund, og det tok tid før Sandane kom i gang med sitt spel. Gradvis vart kampen meir jamspela, og utover i første omgang hadde heimelaget i grunnen god kontroll på Sindre Rørvik & co. Dei siste fem minutta kom imidlertid KIL til eit par gode sjansar. Nærast var Sindre Rørvik då han fekk knalltreff og ballen small i tverrliggaren.
I andre omgang vart det meir og meir Sandane. Det låg mål i lufta, og det var verkeleg ein godbit Sandane serverte. Rørvik og Menes fekk gå på tvers og var hardt arbeidande og leitande etter ei opning i STiLs forsvar. KIL vart pressa ut mot kant og der takla Håkon Schjølberg til seg ballen. I neste øyeblikk var midtstopparen på beina og orientert: Pasninga mot Anders Frøyen var glimrande. Frøyen tok eit 30 meters løp langs høgre kant, skar inn mot mål med KILs forsvar halsande etter. Han kunne valt avslutning, men fann betre plasserte Cink framfor mål. Eit fantastisk flott angrep.
Etter dette var Sandane endå meir i førarsetet. Det låg fleire mål i lufta. 2-0 kom etter corner, der dommar Lien dømde straffe for albogebruk. Jonas Denk sette straffa kontant i mål, og samtlege Sandaneskuldrar kunne senkast. Etter dette var Sandane heilt dominerande, med meir rom å spele i. Ein KIL-sjanse i sluttminutta vart glimrande redda av Simon Gimmestad.
Trenar Øyvind Hervik var naturleg nok svært glad for tre nye poeng. STIL har kome godt i gang med haustsesongen, og han berømmar heile laget for spelet. -Igjen god innsats over heile lina, konstaterer Hervik.