[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Etterkrigstida

Forfatter: Svein Kristiansen

04. desember 2023

Fotball
News article image

1940-50-talet: Å reise til bortekampane tok tid!

Biletet: Stogg på Moskog på veg til krinskamp i Høyanger i juni 1949 der STIL vann 7-4 over Falken. Frå v: Einar Faleide, Kåre Solheim, Atle Faleide, Arne Eikenæs, sjåføren, Klaus Lyslo, Erling Skrivervik, Jon Seljeseth, Kåre Holvik, Per Grønfur, Kristen Solheim og Arne Ødven. Sitjande framme Berent Sandene. På busstaket Magnus Hansen. Jenta på biletet er ein haikar som fekk vere med.

Tekst: Jan Nik. Hansen

Vi gjer eit hopp i fotballhistoria frå 1940 til etterkrigstida. Alt i 1945 vart det spelt 15 kampar der STIL vinn tolv. Sentrale spelarar er Atle Faleide (26 mål) og Berent Sandene (25 mål). Noko av forklaring på dei gode resultata er at det er fleire friidrettsutøvarar med på laget, løparar med god kondisjon. Det kom til syne då STIL først vann Olden-stafetten og eit par timar seinare slo Stryn 9-0 med fem-seks stafettløparar på laget.

Å reise til bortekampane tok tid. Vegane var dårlege og bilparken av ein heilt annan standard enn i dag. Dette var mange år før både Lotetunnelen (opna i 1968) og Fjærlandstunnelen (opna i 1986). Når laget skulle til Nordfjordeid og Måløy, vart det brukt båt. Dersom det var kampar i indre Sogn, gjekk turen over Gaularfjellet med overnatting i Sogndal.

Custom image

Biletet: På veg til bortekamp mot Kvalheim på Kapellneset i Vågsøy med båt. Framme f.v.: Kåre Solheim, Kåre Holvik, Ingebrigt Øvreseth og Arne Lothe. I midten f.v.: Trygve Sortevik, Ola Nyhagen og Kolbjørn Mardal. Bak f.v.: Arne Ødven og Alf Ødven.