[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Lange reiser

Forfatter: Svein Kristiansen

12. desember 2023

Fotball
News article image

Med sjøfly til kampane slapp STIL-spelarane å overnatte når dei skulle på dei lengste reisene.

Biletet: Sjøflya taxar ut før dei tek av. Trufaste supporterar samla eg ofte for å ønskje lukke til med kampen. Bilete frå 1981.

Tekst: Jan Nik. Hansen

Å kome seg til og frå fotballkamp var utfordrande både i eige fylke og ikkje minst då STIL spelte i 3. divisjon. På 1960-talet var det vanleg å overnatte i Sogndal på veg til kamp i Øvre Årdal. Då gjekk vegen over Gaularfjellet og ferje Dragsvik – Hella og Kaupanger – Årdal. Heilt unntaksvis vart det nytta sjøfly som nett var kome til Sandane.

Første året i 3. divisjon møtte STIL lag frå Møre; som t.d. ÅFK, Bergsøy, Hødd og Skarbøvik og heilt nord til Nord-Trøndelag der motstandarane var lag som Ranheim, Størdals-Blink, Henning og Sverre. Til kampane i Trøndelag vart det som regel brukt sjøflya til Firdafly. Det samla seg ofte folk på flykaia når dei tre flya tok av og når dei kom tilbake. Flyturane var spennande for nokre, medan andre sette mindre pris på dei.

Vi er halvveges i vår gjennomgang av STIL-soga. Framleis 40 år igjen!

Har du gått glipp av nokre av dei tidlegare artiklane, finn du dei på STIL si heimeside.

  1. desember KM-gevinst alt i skipingsåret