[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sjur og Knut heidra i Førde

Forfatter: Svein Kristiansen

26. november 2016

Fotball
News article image

STIL-general Sjur Gimmestad vart laurdag kveld heidra med fotballkretsens Blå Diplom. Også Knut Stavang mottok same heidersbevisning for mangeårig og særskild godt arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane.

Det var under den pågåande Miljøhelga i Førde tildelinga skjedde. 

Sjur Gimmestad har dei siste 10 åra vore ei heilt sentral kraft i Sandanefotballen. Først i utbygginga av Sandane Idrettspark, og frå 2011 som Leiar i fotballgruppa på Sandane. Som alle veit har fotballen på Sandane i Sjurs styringstid dobla aktivitetsnivået i klubben  samtidig som organiseringa av arbeidet i klubben har vore sterkt fokusert. Som resultat av dette vart Sandane fylkets første Kvalitetsklubb og i 2015 vanka det UEFA-pris for arbeidet i breiddeklubben Sandane. Parallelt med det heile: klubben har drive ei kontinuerleg anleggsutvikling i Sandane Idrettspark. Sjur har trenarutdanning og har også hatt verv knytt til aldersbestemte lag. Så er det jo slik at Sjur gjer så mykje anna i klubben vår, anten han styrer lydanlegget, sit på traktoren eller kostar og ryddar i Idrettsparken.

Knut Stavang (80) har lang fartstid i klubben vår. Han spelte på Sandane sitt A-lag og kom tidleg inn i styre og stell i klubben. Han har også vore leiar av hovudlaget i STIL. Knut er framleis aktiv dommar i klubben

Vi gratulerer begge med vel fortent heider!