Heimekamp for Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
10. september 2015
Sandane tek fredag kl 1900 imot Tambarskjelvar til kamp i 4. divisjon. Haustmørkret gjer at kampen vert spela på kunstgras i Sandane Idrettspark.
Gjestene har hatt ein vanskeleg sesong. Årets (så langt) einaste seier kom i andre serierunde (1-0 over Dale på bortebane). Laget tok sidan eitt poeng då dei møtte Sandane for nøyaktig 11 serierunder sidan. Tambarskjelvar har hatt stor spelaravgang dei to siste åra, og laget verkar fortapt i botnen av 4. divisjon med sine 4 poeng.
Sandane vert dermed store favorittar, og vårt mannskap vil normalt vere gode nok til å ta alle poenga. Kampen mot eit Florø 2-prega Florø 3 sist helg synte tydeleg at STIL har litt å gå på før ein er på nivå med toppklubbane i fylket, og skal ikkje falle mykje nedpå før det vert kamp mot eit lag som Tambarskjelvar (vi minner om 2-2 i siste møte). Vi reknar med at det er eit poenglystent mannskap som møter til kamp fredag.
Trenar Øyvind Hervik mønstrar ei stor og fyldig tropp til kampen, og vi reknar med å sjå eit heimelag frå si aller beste side.