Sandane - Høyang 1-5
Forfatter: Gro Pleym Iversen
06. mai 2023
Sandane - Høyang 1-5 (0-4). Det vart ein solid nedtur for Sandane i dagens kamp i kretsligaen mot Høyang. Ei jamspela opning av kampen gjekk over i eit ti minutt langt mareritt der gjestene våre skåra fire mål, eitt av dei på straffe. Når det er sagt: Det var meir enn dei ti minutta som bidrog til at Høyang fekk med seg tre velfortente poeng.
Resultat: Sandane - Høyang 1-5 (0-4)
Dagens STIL-spelar: Robert Auflem Vik
-Det vart ein heilsvart dag for oss. Førsteomgangen vår skiller seg veldig frå tidlegare omgangar vi har spela i år, seier Bjarte Skaaden i ein kommentar etter kampen. -Vi er ikkje framme i skoa, kjem litt for seint opp i duellar, og kommunikasjonen generelt er for dårleg. Høyang straffar oss på det vi visste dei var gode på, og vi klarte ikkje å løyse den oppgåva, seier Skaaden.
Han seier at det nok ikkje er nokon som er nøgde med sine eigne prestasjonar i dag. -No er det ei ny treningsveke og så skal vi snu det neste helg mot Måløy.
Heilt andre tonar å høyre frå Høyangs trenar, Miguel Maureira. -Vi hadde seks mann borte frå laget vårt i dag og var usikre på korleis kampen skulle bli for vår del. Men det viste seg at det fungerte glimrande! Vi hadde full kontroll frå start og kunne bestemme fart, spel og utvikling i kampen. Laget vårt består av ein del ungdomar samt nokre eldre spelarar på rundt 25 år, fortel ein nøgd Høyang-trenar.
Høyang tok med seg tre vel fortente poeng heim i dag.
Dommer: Jonny Skjerven (Kaupanger IL)
Ass.dommer 1: Therese Figved (Bjerkreim IL)
Ass.dommer 2: Ruben Petersen Heggen (Heia IL)
Meir om kampen på Firda liven
Foto: Stig Høynes, Haugenfotball.no