[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Søk støtte frå Coop-dugnaden

Forfatter: Adminstrasjonen

26. juni 2026

Forside
News article image

Søk støtte frå Coop-dugnaden

Frå 1. juni til 5. juli kan ein igjen søkje om støtte frå Coop-dugnaden. Coop-dugnaden skal bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta i idrett på like vilkår, uavhengig av familien sin økonomi. Det kan søkjast om støtte til fleire barn i same idrettslag i eitt og same søknadsskjema.

Når støtta blir innvilga, blir midlane frå Coop utbetalte direkte til idrettslaget gjennom Noregs idrettsforbund, øyremerkte barnet det er søkt støtte for.

Søknaden må sendast inn av ein vaksen kontaktperson utanfor familien som kjenner situasjonen til barnet eller ungdommen. Det kan til dømes vere ein representant frå idrettslaget, ein tilsett i NAV eller kommunen, ein person frå skulen eller helsetenesta, eller ein frivillig i ein organisasjon. Privatpersonar og familiemedlemmer kan ikkje søkje sjølve.

Søknadsskjema finn du i portalen. Hugs at du må hente inn samtykke frå føresette før du sender inn søknaden. Samtykkeskjema kan lastast ned både i portalen og frå søknadsskjemaet