[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Klart for KM-kvalifisering!

Forfatter: Svein Kristiansen

05. februar 2016

Fotball
News article image

Laurdag morgon kl 1000 brakar det laust: KM-kvalifiseringa i futsal, aldersbestemte klasser, vert avvikla på Sandane. STIL stiller med 16 lag. Kampane vert løpande oppdatert her på heimesida.

OPPDATERING FRÅ KAMPANE HER

Kampane startar laurdag kl 10.00, og det er 13- og 15-årsklassene som skal i elden denne dagen. STIL stiller med heile tre lag i J13, og 2 lag i G13.  I jenteklassa er det fem deltakande lag, og to går vidare til sluttspelet i Førde om ein månad. I guteklassa er der 10 lag med, og dei tre beste går vidare. 

Sandane har to lag med i G15, medan vi stiller med eitt J15-lag. 

Søndag er det 14- og 16-årsklassens samt juniorklassen som spelar. STIL sine lag i i G14 (2 lag) og J14 held høgt nivå og det blir spennande å sjå korleis dei kan hevde seg mot dei andre laga i Nordfjord (+ Jølster). Juniorane (G19) stiller med to lag og får god match, med to strynelag og to førdelag som motstandarar. Laga skulle ha sjansar til avansement sidan det er 4 lag som går vidare til sluttspelet.