Sju styrka kompetansen
Forfatter: Svein Kristiansen
06. april 2022
Denne veka har det blitt gjennomført Grasrottrenar 1: Barnefotballkurs i Idrettsparken.
Foto; Torbjørn Gran.
Kurset foregår både som e-læring og som samlingar i kunstkafeen i Idrettsparken. Tema som vart gjennomgått er:
Verdigrunnlag, Klubben som sjef, Aktivitetskategoriene, Prinsipper for god fotballaktivitet, Treneren som veileder, Øktas rammer og Trenervett.
Kursveileder Margot Nesgård fortel at verdifulle samtaler, deling av erfaringar og diskusjonar bidrog sterkt til at dette blei to fine kursdagar på Sandane. På avslutningskvelden onsdag stilte også 23 jenter og gutar opp og ville vere med og spele fotball medan kursdeltakarne fekk bryne seg i trenarrolla.
Dei sju som deltok på kurset var Anna Elisabeth Mardal, Sondre Gjelsten, May-Britt Sægrov, Kristen Reikvam Ravnestad, Sabon Abdalaziz, Erlend S. Klepaker og Marianne Bakketun,
Gratulerer med vel gjennomført Barnefotballkurs og lykke til med å dra kunnskapen ut i aktuelle lag!