Ikkje lenge att no
Forfatter: Gro Pleym Iversen
24. juli 2023
J14 gler seg til Norway Cup
J14: Det er nok litt ekstra sommarfuglar i magen til jentene før årets Norway Cup. Dei skal delta på turneringa for første gong, og på lagbildet som er tatt før avreise er det mykje energi og glede. Både jentene sjølve og føresette har stilt opp på dugnad for å få litt ekstra bidrag i kassen før avreise. Jentene har sin første kamp søndag 30. juli kl. 19:40. For dei av dokker som vil følgje kampane, sjå her: kampane til J14
J15/16: Denne jentegjengen stiller i år med 7ar lag. Dei var og med i 2022, men då med 11ar lag. Jentene har sin første kamp søndag 30. juli kl. 11. Vi ønskjer dei lykke til! Sjå kampane her: kampar J15/16
G16: Dette gutelaget deltok på Norway Cup i 2022 . Det var så kjekt at dei ville vere med ein gong til! Kampane til G16 tek til søndag 30. juli kl. 10. Oversikt finn du her: kampar G16
G17: Desse gutane har gjort ein god innsats for å samle eit lag som kan vere med i Norway Cup. Her står fotballglede i sentrum. Cup er cup! G17 møter to utanlandske lag i sine innleiande kampar. Første kamp går søndag 30. juli kl. 12:15. Sjå oversikt her: kampar G17
I tillegg til at STIL Fotball har fire lag med i årets Norway Cup, så stiller vi og med ein dommar. Petja Cink deltek i år som i fjor med den viktige dommaroppgåvå.
Også i år har vi laga til vår eigen laminerte "vimpel" som STIL gir til laga dei møter i NC. Vimpelen viser nokre av dei som deltek, litt om STIL og ikkje minst litt om den flotte plassen vi bur på.
Vi håper dokker får ei flott veke i Oslo med mykje fotballglede!