Super fotballdag!
Forfatter: Svein Kristiansen
05. mars 2022
Sandane J15 leverte ei strålande turnering mot fylkets øvrige jentelag, og spelte seg heilt fram til finalen i dagens KM futsal på Sandane. Og dei var ikkje åleine om å gjere det godt på kunststoffdekket.
Foto J15: Stig Høynes, www.haugenfotball.no
Foto G19: Simon Gimmestad
Sandane J15 var botnsolide i turneringa.Dei vann alle sine kampar i det innleiande gruppespelet, I cupspelet vann dei 2-0 mot Jotun og 2-1 mot Askvoll Holmedal. I finalen mot Sogndal 3 var STIL det dominerande laget og leia 3-0 med 5-6 minutt igjen å spele. Men Sogndal 3 kjempa seg tilbake, fekk ekstraomgangar og lukkast med å få ballen i mål ein gong i løpet av dei tre minuttane ekstratida varer.
Sandane hadde to lag med i G13-klassa. Sandane 2 kom vidare til 1/8-finale, men der vart det bråstopp i kamp mot eit sterkt Sogndal-lag.
Sandane sitt G15-lag spelte seg fram til kvartfinale, der Stryn tok ei tidleg leiing. Sandane sin keeper storspelte medan utespelarane spelte klokt og godt og makta å utjamne stillinga. Dei hadde i tillegg fleire svært store sjansar til å ta leiinga. Men i det som vart ein spanande og jamspela kamp avgjorde Stryn med eit mål seks sekund før fløyta gjekk for full tid. Sluttresultat 2-3.
Suveren kampvilje i Stryn
G19 spelte sine KM-kampar i Stryn, og gjorde det svært godt. Laget framsto med stor vinnarvilje og kjempa seg heilt fram til finalen. Der vart det eit knipe tap for Jotun (0-1).
God flyt i Trivselshallen
Arrangementet i Trivselshagen gjekk på alle måtar knirkefritt. Det var tettpakka kampprogram på fire baner frå kl 10.30 fram til dei siste finalekampane var avgjort litt før kl 20.30 på laurdagskvelden. KM er eit enormt dugnadsprosjekt for Sandanefotballen. 240 personar er i aksjon dei to dagane på Sandane.
Søndag skal J14, 14 og G16 spele sine sluttspelkampar. Kampstart kl. 11.30. Ta deg gjerne ein tur i hallen! Har du ikkje høve får du oppdaterte kampresultat på STIL si heimeside.