[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Damenes kveld i Trivselshagen

Forfatter: Svein Kristiansen

31. januar 2016

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
Forside
News article image

Trivselshagen syda av liv då STIL feira seg sjølv, sine utøvarar, lag og eldsjeler laurdag kveld. Ein nær fullsett kultursal fekk sjå eit knirkefritt program der populære prisvinnarar fekk sin vel fortente hyllest.

Frå programmet, godt leia av dei dyktige konferanserane Janne Alander og Bjørn Inge Solheim, er det mangt å dra fram. Opningsnummeret der gruppene presenterte seg var flott, og dei mange æresmedlemmene i salen nikka nok anerkjennande då dei fekk sjå ein perfekt utført spagat der framme på scena. 

Kulturskulen er STILs trufaste samarbeidspart og vi fekk song og dans i to nydelege innslag. Nyeordførar Leidulf Gloppestad har ordet i si makt og heldt ein flott appell til idrettsfolket. Kveldens mest energiske innslag sto Sandane Soul Children for, her var det flott sang og synkrone rørsler som spreidde energi heilt til bakerste benk.

Det var eit flott øyeblikk då Janne Alander drog fram STILs verdigrunnlag og inviterte tre unge STIL-arar til samtale. 

Og er det nokon som ikkje blir glade når STIL-dansen blir sett i gang?

Vi kan trygt slå fast at dette også var damene sin kveld. Vel fortente prisar til mange av våre kvinnelege støttespelarar.

Prisvinnarane var:

Årets Eldsjel: Ann-Kristin Niiranen

Årets trenar: Marit Selbyg Skinlo

Årets tilretteleggar: Janne Gimmestad

Årets utøvar: Thomas Mardal

Årets lag: J16 Fotball

SFE sin stimulanspris: Eirik Rauset

LES GRUNNGJEVINGANE FOR PRISANE