[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

HØGRE

Forfatter: Svein Kristiansen

10. september 2015

Forside
News article image

Høgre er idrettspartiet framfor nokon, om vi skal ta programmet og den utfylte "tippekupongen" på alvor. Og det vil vi gjerne.

Custom image
  • Oppretthalde ei god bibliotekteneste og ein god kulturskule
  • Samstundes som Gimmestad gamle kyrkje vert rehabilitert, vil vi jobbe for å finne ei løysing for utviding og fortsatt bruk av gravplassen på Gimmestad
  • Sørge for at kultur og idrettsanlegg i offentleg og privat eige vert vedlikehalde slik at dei er tenelege for brukarane
  • Kommunen skal ha stor merksemd mot Trivselshagen, -hallen, og -badet, for å trekkje mest mogeleg mangfald av aktivitetar og idrett til anlegga
  • Samle skyteaktiviteten i Breim (Ura) og Hyen, og avslutte bruken av skytebana i Bukta

I siste valperiode skapte Høgrerepresentant og idrettspolitikar Dagfinn Nyhammer velbegrunna tvil om Høgres haldning til STIL og aktivitetane i Sandane Idrettspark då han under handsaminga i Kulturutvalet stemde nei til at STIL skulle få kommunal lånegaranti (ein garanti som medfører kroner 0 i utgifter for kommunen, reduserte renteutgifter for STIL).  Nyhammers røyst vakte den gong oppsikt i idrettsmiljøet, sidan han er ein profilert idrettsutøvar/administrator, aktiv innan friidrett og med mangeårig verv i Gloppen Idrettsråd og såleis skulle vere godt kjent med idrettens vilkår. 

Ordførarkandidat for Høgre, Anniken Rygg, forklarer at Nyhammer si røystegjeving skuldast eit lite abeidsuhell som gjorde at det blei uklart kva syn Høgre hadde i saka om lånegaranti. -Vi fekk heldigvis retta dette i formannskapet og i kommunestyret, og vi beklager usikkerheita som det skapte.

Rygg er vel kjend med idrettens vilkår gjennom leiarverv i GHK og Brodd. Ho har sjølv vore aktiv innan ski og friidrett og har hatt ei rekke trenarverv innan turn, dametrinn og handball, både i Brodd og STIL. 

Og her er Høgre sine svar på STIL sine spørsmål (det er vanskeleg å ikkje bli imponert!):

Custom image