[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Fotballgruppa klar for 2026

Forfatter: Administrasjonen

16. mars 2026

Fotball
News article image

Fotballgruppa har gjennomført årsmøte, og styret for 2026 er no på plass. Gro Pleym Iversen held fram som leiar for fotballgruppa, medan Ola Alexander Lilloe-Olsen (styremedlem) og Ragnhild (nestleiar) også tek ein ny periode i styret. Kjetil kjem inn som nytt styremedlem, medan Jonas Denk er sportsleg leiar og møter fast i styret. 

Det nye styret ser fram til å vidareføre arbeidet for fotballgruppa og ta fatt på nye oppgåver i året som kjem.

Anleggsgruppa er også på plass med Kjetil Engeland Midtgaard som leiar. Medlemmar er Knut Jakob Austrheim, Jørn Roar Klokset, Per Erik Finstad, Pavel Konoplyov, Johnny Bakkelid, Ahmed Hersi, Mummi Asgeirsson, Ole Johnny Djupegot (merkeansvarleg) og Ane Merete Austrheim (utleige G-bygget). 

Den nye arrangementskomiteen blir leia av Ola Alexander Lilloe-Olsen. Saman med Anne Svangtun og Lars Endre Gimmestad skal dei bidra til å skape aktivitet og gode arrangement rundt fotballgruppa. 

Sportsleg utval består av følgjande personar: 

  • Jonas Denk, leiar
  • Ingmar Sægrov, trenarrettleiar aldersbestemt
  • Margot Meling Nesgård, trenarrettleiar miniputt
  • Bjarte Skaaden, medlem
  • Torbjørn Gran, medlem
  • Sondre Louis Gjelsten, leiar aldersbestemt og FIKS ansvarleg
  • Mads Wie, leiar miniputt
  • Petja Cink, dommaransvarleg
  • Knut Oddvar Sundli, materialforvaltar

Vi kjem tilbake med ei oversikt over lagsapparata for dei ulike laga.