[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Straffekonk sende jentene til kvartfinale!

Forfatter: Svein Kristiansen

30. juli 2015

Fotball
News article image

Nerveslitande thriller i Oslo. Sandane vidare etter 7-6 over Lyn.

Sandane J15/16 er klare for kvartfinale i Norway Cup! Etter 2-2 ved ordinær tid var det klart for straffesparkkonkurranse. Laga følgte kvarandre tett, men Sandra Sårheims iskalde straffe vart den siste i konkurransen, då Lyns spelar sette si straffe over mål. 

Dei to laga følgde kvarandre i straffesparkkonkurransen. Sandane opna med å sette sine tre første straffer. Så redda målvakt Anna Buene LYN sitt skot. Ho viste ro og dyktigheit då ho venta ut skotet frå Lyns spelar. Men spenninga fortok seg ikkje, ettersom Sandane fekk ein straffebom på det neste forsøket. Lyn henta seg inn ved å skåre sikkert. Det same gjorde Sandane på sitt neste skot, og likeeins Lyn. 

Etter 6-6 var det tid for å hente fram ekstra spelarar. For Sandane sin del var det Sandra Sårheim som gjekk fram. Ho sette straffa kontant i mål, og då Lyns spelar ikkje makta det same, kunne STILs jenter og 50 sandensarar langs sidelina sleppe jubelen laus.

Det var ein spennande 1/8-finale, der Sandane låg under 1-2 med eitt minutt igjen å spele. Då sette Martine Kvamme eit frispark frå 18 meter kontant i vinkelen, og kampen gjekk såleis til straffespark-avgjerd. 

Sjekk også STIL Fotballs FB-sider for detaljar om straffesparkkonkurransen.

Takk til Wenche Håvik for lån av bildet!