Hyen vann lokaloppgjeret
Forfatter: Svein Kristiansen
26. april 2022
Hyen kom til Sandane for å vinne, og det gjorde dei til gagns.
6. divisjon avd 4
Sandane 2 - Hyen 1-4 (0-2)
0-1 (2. min) Eirik Rønnekleiv
0-2 (35. min) Morten Ommedal
0-3 (61. min) Morten Ommedal
1-3 (67. min) Thomas Veggeland
1-4 (90. min +) Per Inge Straume
Raudt kort: Almar Færseth, Sandane (44. min)
Gult kort: Brede Seim. Hyen
Dommar: Ragnar Åmot, Jølster
Hyen fekk ein god start på kampen då Sandane 2 forærte Eirik Rønnekleiv ein gratissjanse. Den tok han godt vare på. Det vart etter kvart ganske tydeleg at dei gulkledde frå Hyen i tillegg til ein fyldig stall også hadde med seg ein viktig vinnaringrediens i bagasjen: tæl og duellvilje. 2-0 vart det etter eit fint angrep og avslutning ved Morten Ommedal.
Sandane 2 fekk lite til i første omgang, og kom nærmast mål etter eit par frispark frå god innleggsposisjon. Heimelaget fekk seg i tillegg ein kalddusj då målvakt Almar Færseth vart vist det raude kortet like før pause. Ein fin Hyenball i bakrom kalla Færseth til aksjon, men dessverre tok han mann i staden for ball ved dette høvet.
Med 10 mann skulle ein tru Hyen kunne feste eit endå tydelegare grep om kampen. Men etter pause viste Sandane 2 seg frå ei meir spelande og betre side, og ein venta faktisk på ei redusering. Men Sandane 2 strevde med å kome til dei gode avslutningane, og i staden vart det Morten Ommedal som kunne sette inn 3-0 i motsett ende av bana.
Sandane fekk imidlertid si redusering. John Henrik Gotteberg førte ballen glimrande framover, fekk med seg Nicolas Scott Delashmutt som fann Thomas Veggeland med ei fin pasning. Veggeland skåra sikkert.
Mot slutten av kampen var der lite krefter igjen hos Sandane 2 og Hyen kom på ei rekke overgangar, ofte i overtall. Vi noterte oss eit fint angrep som enda i ein dobbeltsjanse, men Ole Jakob Mjellom si avslutning gjekk til sides for mål.
På overtid fastsette Per Inge Straume sluttresultatet til 4-1, og ein vel fortent seier for Hyen.
-Vi vart ekstra sårbare i dag med fleire forfall like før kampstart. Vi avslutta kampen utan innbyttarar, seier Sandane 2-trenar Ingmar Sægrov i ein kommentar etter kampen. Han spelte sjølv i første omgang, men pådrog seg skade midtvegs. -Vi slit med pasningsspelet og det vart derfor litt for upresist til at vi kunne skape dei gode sjansane framover. Ein dårleg kamp av oss og fortent seier til Hyen, seier Sægrov.