[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Forbrødring på Ekeberg

Forfatter: Svein Kristiansen

31. juli 2015

Fotball
News article image

Då kan vi puste ut og begynne å tenke over kva siste veke har bydd på av opplevingar. Ei spesiell hending var jentelaget sin kamp mot Kauma SC frå Malawi.. Les vidare og sjå Jan Helge Bolseths rapport.

Det var tysdag STIL møtte Kauma i gruppespelet. Sandra Sårheim skåra STILs tre mål i kampen, som enda med 3-0 til Sandane. Kampen gjekk på Rustad. Det vart litt felles samvær med jentene frå Malawi Afrika etter kampen og anledning til å ta bilder av jentene i lag. Kauma Sportsclub er ei veke i Oslo og bur på skule slik våre jenter gjer. I følge lagleiar har både dei vaksne og jentene storkost seg på Norway Cup. Det vart 2 tap og en uavgjort for dette laget, men dei var godt med i alle kampane som var jamne. Dei gjekk vidare til B-sluttspel. 

Custom image