Tett kniving om poenga i Idrettsparken
Forfatter: Svein Kristiansen
21. juni 2022
Sandane 2 og Eid 2 skapte både spenning og god fotballunderhaldning då nabolaga møttest til dyst i 6. divisjon.
Sandane 2 - Eid 2 3-4 (2-4)
6. divisjon
Sandane Idrettspark
Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Haare, Fjøra FK
Bildet: August Aa Berge og Reinhart Aagård Midthjell gjorde seg begge bemerka i kampen mot Eid 2 (Arkivbilde).
Eid 2 var raskast ut frå startblokkene og det såg lite lyst ut for Sandane 2 då Sander Torheim Frislid hadde scora ekte hat trick i løpet av ein knapp halvtime. A-lagskeeperen til Eid storspelte og var både dyktig og litt heldig då han gong på gong spelte seg fram til gode avslutningsposisjonar. Faktisk kunne det ha stått fire mål i mot til Sandane på dette tidspunkt, sjølv om det langt frå fortel alt om det som føregjekk på bana: Sandane 2 hadde også sine gode sjansar, men utan å lukkast framfor mål.
I glimt oppdaga vi at Sandane 2 også kunne få spelet sitt til å gå, og fint var det då Reinhart Aagård Midthjell mottok ballen i eit godt STIL-angrep. Frå sin posisjon til venstre i bana avanserte Reinhart inn framfor mål og sette ballen kontant i mål.
Vi hadde allereie merka oss Nimrod Isaac-Habtemariam sitt sterke spel på Sandane si midtbane, og han sikra spenning og kveik til Sandane 2 sine poengplaner då han frå 20 meters hald sende ballen i mål bak Eid 2 si målvakt.
Dessverre skulle det vise seg at Sandane 2 tok pause litt før dommar Haare bles av. Dette utnytta Eid 2s Marius Åsebø og eidarane fekk dermed eit både enkelt og svært unødvendig mål. 2-4 i det laga gjekk til pause.
Andre omgang opna med eit dominant press frå Eid 2. Dei skapte farlege situasjonar etter dødballar, men viste også fint samspel i nokre angrep. Men avslutningane gjekk anten til sides for mål eller dei havna hos Sandane 2 si målvakt, Lars Iver Lien Espeland, som hadde ein travel kveld med mange viktige og gode redningar.
Sandane 2 fekk nytt håp om poeng då Nimrod reduserte til 3-4 etter ein sterk soloprestasjon. Heimelaget kom til fleire sjansar, men i den underhaldande kampen hadde Eid også ei rekke mogelegheiter på den andre sida av bana.
Det heile ebba ut med 3-4 til Eid 2.
-Sandane 2-trenar Ingmar Sægrov var både nøgd og litt frustrert over sine elevar denne kvelden. -Vi slepp inn eit unødvendig mål rett før pause, Men først og fremst treng laget å konsentrere seg om oppgåvene sine. Når alle gjer det vi har avtala, spelar vi som eit lag og vi får til godt samspel. Dessverre blir vi ikkje konsistente nok i det vi gjer, og det utnytta Eid 2 i kveld, seier Sægrov, som spesielt vil framheve August Aa Berge for glimrande spel, både på sin backplass og med si deltaking framover på bana.